13 personar lettare skadde etter tunnelbrannen

Fjærlandstunnelen i natt.

Fjærlandstunnelen i natt. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

13 personar blei natt til tysdag lagt inn på Førde sentralsjukehus etter brannen i Fjærlandstunnelen. Alle har fått lettare fysiske skadar etter å ha pusta inn røyk. Dei vert liggande inne til observasjon, i første omgang til tysdag. Dette opplyser Helse Førde i ei pressemelding.

Helse Førde sette beredskap og rykte ut med seks bilambulansar, redningshengar og luftambulanse då ein bil tok til å brenne i Fjærlandstunnelen seint om kvelden 2. påskedag. I tillegg til ekstra mannskap i ambulansetenesta og på AMK, blei det det også kalla inn ekstrapersonell i akuttmottaket, laboratoriet, sentralbord og kjøkkenet. Også psykososialt kriseteam blei mobilisert.

Helse Førde har oppretta eit telefonnummer som pårødande kan ringje. Dette nummeret er 57 83 17 00. Det blei også oppretta eit pårørandesenter ved Førde sentralsjukehus.

Artikkeltags