Kollisjon mellom motorsyklar i Dale

DEL

To motorsyklar har støytt saman i Dale i natt. Politiet fekk meldinga kvart over eitt, og rykte ut saman med dei andre naudetatane.

Dei to førarane vart tatt hand om av helse og køyrde til den lokale legevakta for sjekk. Dei skal ha klaga over smerter.

– Politiet opprettar sak, men har ikkje mistanke om promille, seier Arve Samsonsen ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Artikkeltags