– Kom opp av sofaen og ut på tur

Langtur: Julie Haugsbø (88) og Erling Haugsbø (86) gjekk sist helg den lange vegen til Heileberget, 761 meter opp.

Langtur: Julie Haugsbø (88) og Erling Haugsbø (86) gjekk sist helg den lange vegen til Heileberget, 761 meter opp. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FJALER: Ekteparet Julie (88) og Erling Haugsbø (86) gjekk denne månaden ein tur på Heileberget.

DEL

– Eg har budd i Dale sidan 1950, men eg har aldri vore på Heileberget, seier Erling.

Han har vore litt mobba av vennar og familie for det, og no fann han ut at det var på tide å komme seg på toppen. I tillegg har kona hans Julie vore der før, og då var det for gale at Erling ikkje hadde. Han peikar på at han har vore mykje på tur i nærområdet, men aldri Heileberget.

– Vi bestemte oss for å prøve, seier Erling og ler litt.

Ekteparet pakka sekken og for av garde på morgonen. Dei brukte fire timar opp på toppen, som ligg 761 meter over havet.

– Vi hadde med oss mat, og tok det heilt med ro. Vi tok pausar, og vêret var veldig fint.

Turen ned att vart verre. Erling fortel at av musklane knytte seg, og dei måtte ta mykje pausar. Dei hadde ikkje med seg nokon andre på turen, og tok det heile i sitt eige tempo.

– Men vi kom no heilskinna heim att, seier Erling med ein latter.

Tips til andre

Erling og Julie går omtrent to timar tur kvar einaste dag. Rutinen er at dei gjer litt arbeid på føremiddagen, deretter er det middag, før dei les avisa og søv middag. Så tek dei ein kopp kaffi og går ut nokre timar.

– Når vi kjem heim att, ser vi nyheitene og et kvelds, og viss det er fint vêr, går vi kanskje ein liten tur til, seier Erling.

Ekteparet held seg i god form, og Erling innrømmer at dei ikkje hadde klart Heileberget dersom dei ikkje hadde trena ein del til vanleg. Som tips til andre meiner han at ein burde komme seg ut av sofaen.

– I staden for å sitte i ein stol og sjå på fjernsyn heile dagen, kan ein heller komme seg ut.

Sporty foreldre

Sonen Jarl-Egil Haugsbø er imponert.

– Det er veldig sporty av dei, seier han og ler.

Han trur ikkje dei visste heilt kva dei gav seg utpå, men fortel at dei er i fysisk bra form for alderen.

– Dei går ofte på turar i fjellet, og dei har lenge snakka om å gå på Heileberget.

Dottera til Erling og Julie kom med ein kommentar om at turen var litt på grensa. Då ler Erling og seier at dei kom seg fint heim att.

– Det var ein fantastisk tur. Vi sat på toppen i finvêret, åt litt mat og naut naturen, understrekar 86-åringen.

Artikkeltags