Gå til sidens hovedinnhold

Lastebil vart stoppa med fleire alvorlege manglar

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Ein lastebil blei stoppa i kontroll, og fekk ikkje køyre vidare grunna fleire alvorlege manglar.

Under ein trafikkontroll i Førde onsdag vart ein lastebil nekta å køyre vidare. Han hadde ei knekt fjør på framakselen si venstre side og luftfjøring som ikkje verka som den skulle.

I tillegg hadde lastebilen ein større oljelekkasje og manglande sikring av ein gaffeltruck som stod bak i lasterommet.

Dette var svært alvorlege manglar, skriv Statens vegvesen i rapporten.

– Slike manglar kan føre til at køyretøyet dreg seg ut til sida under hard nedbremsing, står det.

Kontrollen var i Førde og Dale, og i alt blei 10 køyretøy kontrollerte. Fire fekk skriftlege manglar, fire fekk bruksforbod, to fekk gebyr for dekk under mønsterkravet og ein fekk gebyr for manglande førarkort.

Ein varebil fekk bruksforbod for langt overheng bakover lasteplanet utan merking, og også bruksforbod for manglande sikt. Der var det rigga til ekstra bord oppå instrumentbordet og frontruta var så skiten at den måtte vaskast før han fekk køyre vidare.

Kommentarer til denne saken