Snart står Tore og naboane utan internett: – Telenor viser ei arrogant haldning

Tore Buttedal og sambygdingane i Vassdalen står snart utan internett. Kommunen har bestemt at det blir utbygging av breiband i området, likevel blir innbyggarane nøydde til å kjøpe mobilt breiband av Telenor.