Nikita (17) skal representere Norge i fysikk-OL

Nikita gjekk heilt til topps. Her saman med Carl Angell, ansvarleg for fysikk-olympiaden, og leiiar for fysisk institutt, Jøran Moen.

Nikita gjekk heilt til topps. Her saman med Carl Angell, ansvarleg for fysikk-olympiaden, og leiiar for fysisk institutt, Jøran Moen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Rekna seg heilt til topps i norsk finale.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Nikita Klimenko frå Kviterussland går første året på UWC i Flekke. I dag kom han på førsteplass i den norske finalen av fysikk-OL.

– Dette er veldig overraskande. Eg trur ikkje det har gått opp for meg enno, seier han på telefon frå Oslo.

Fire konkurransedagar

Deltakarane har vore igjennom fire harde konkurransedagar, men ifølgje Nikita var ikkje oppgåvene dei skulle løyse veldig vanskelege.

– Dei var ikkje lette, altså, men eg synest dei var overkommelege. Eg lærte noko på kvar oppgåve og tok det med meg vidare i konkurransen.

Takkar UWC

Nikita og fire andre skal i juli representere Norge i den internasjonale finalen i Sveits. Han er svært glad for at han har fått denne moglegheita.

– Eg har alltid likt fysikk, men eg vil gjerne takke fysikklæraren min på UWC, Chris Harper for at eg har kome så langt. Han har motivert meg og er ein veldig flink lærar. Eg vil også takke skulen for at eg fekk delta i konkurransen, seier han.

I morgon reiser han tilbake til Flekke, men om det vert feiring av sigeren i kveld, er han usikker på.

– Det har eg faktisk ikkje rukke å tenkje på. Eg er framleis så overraska over at eg vann, seier han.

Artikkeltags