Alvorleg MC-ulykke: To til sjukehus

To motorsyklistar var involvert i ei ulykke i Fjaler tysdag kveld.

To motorsyklistar var involvert i ei ulykke i Fjaler tysdag kveld. Foto:

Ulykka har skjedd på fv. 57 ved Nistadlia i Fjaler.

DEL

To motorsyklar køyrde tysdag kveld av vegen på fv. 57 ved Nistadlia i Fjaler. Politiet fekk melding om ulykka klokka 20.19.

Brannvesen og ambulanse var først framme på staden. Politiet rykte ut med tre bilar. I tillegg vart det sendt luftambulanse til ulykkesstaden.

Til Haukeland

– Det er to motorsyklistar som har køyrt ut av vegen. To personar er skadde og det ser alvorleg ut, opplyste Dag Olav Sæter, operasjonsleiar i politiet klokka 20.45.

Det var to involverte i ulykka. Den eine blei flogen til Haukeland og den andre blei frakta til Førde.

– Kva som er årsaka til ulykka er enno ikkje kjend, seier Sæter.

Politiets innsatsleiar på staden, Øystein Russenes, stadfestar at det er snakk om ei alvorleg ulykke, men kan ikkje seie noko om skadeomfanget til nokon av dei involverte.

I fjellvegg

Motorsyklistane skal ha køyrt inn i ein fjellvegg, like ved ein sving. Begge syklane låg i grøfta etter ulykka.

– Det blir gjort taktiske og tekniske undersøkingar på staden, seier Russenes like før klokka 23 tysdag kveld.

Det er tofeltsveg og 80-sone på strekka der ulykka har skjedd. Russenes vil førebels ikkje seie noko rundt om det har vore vitne til ulykka.

Krimteknikarar frå politiet og ulykkesgruppe frå Statens vegvesen hjelper lokalt politi med åstadsarbeid. Politiet opplyser at det ikkje vil bli gått ut med alder, bustad eller andre opplysningar om dei to involverte i kveld/natt.

TO TIL SJUKEHUS: Ein blei flogen til Haukeland og ein blei køyrd til Førde sentralsjukehus etter ulykka.

TO TIL SJUKEHUS: Ein blei flogen til Haukeland og ein blei køyrd til Førde sentralsjukehus etter ulykka. Foto:


Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags