Får ikkje forlenga fellingsløyve

Denne sauen vart truleg drepen av ulv på Guddalen i Fjaler i juli.

Denne sauen vart truleg drepen av ulv på Guddalen i Fjaler i juli. Foto:

LANDBRUK: Guddal beitelag, Flekke beitelag, Fjorden og Dale beitelag og Gaular beitelag får ikkje forlenga fellingsløyvet som gjekk ut 1. august.

DEL

– Det er ikkje sett noko ulv sidan det førre løyvet vart gjeve, og det er heller ikkje funne skadde eller daude dyr sidan, grunngjev Gunn Helen Henne, fungerande fylkesmiljøvernsjef.

Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

Om det skulle komme fleire observasjonar vil fylkesmannen raskt kunne gje nytt fellingsløyve.

Siste observasjon av ulv skal ha vore i Sundbotten i Hyllestad førre helg. Statens Naturoppsyn (SNO) vart kontakta av ein mann som meiner han såg ein ulv tre kilometer frå rv. 607. Mannen tok også bilde av det han såg.

Rein-Arne Golf i SNO seier at det er vanskeleg å konstantere at det var ulv, men at dei ikkje kan utelukke det.

Andre saker om ulv:

Artikkeltags