Bygg i Guddalen viste seg å vere 470 år gammalt

GAMMAL NOK? Dette bygget, bualoftet i Ytre Heggheim i Guddalen, viste seg å vere  472 år gammalt. Hadde det vore 483 år gammalt, ville det vore automatisk freda. No skal Riksantikvaren likevel telje på knappane og sjå om det skal fredast.

GAMMAL NOK? Dette bygget, bualoftet i Ytre Heggheim i Guddalen, viste seg å vere 472 år gammalt. Hadde det vore 483 år gammalt, ville det vore automatisk freda. No skal Riksantikvaren likevel telje på knappane og sjå om det skal fredast. Foto:

– Vi mistenkte at dei kunne vere så gamle at dei vert automatisk freda.

DEL

Det seier restaureringsleiar i fylkeskommunen, Stig Nordrumshaugen i ei pressemelding.

Fylkeskommunen tok prøver av årringane på det gamle bualoftet på Ytre Heggheim i Guddalen. Det viste seg å vere bygd i 1547 eller året etter. Hadde det vore elleve år eldre hadde det blitt automatisk freda.

Skal vurderast av Riksantikvaren

I same slengen tok dei prøver av eit anna bygg i Guddalen, ein stall på Gallefoss. Denne synte seg å vere bygd kring år 1608.

No skal Riksantikvaren vurdere om dei to bygga likevel skal fredast.

Årringdatering vil seie at dei tek kjerneprøver av stokkane. Årringane har eit «fingeravtrykk» som dei kan samanlikne med årringar på tre av kjend dato. På den måten kan dei finne ut når stokkane vart hogde.

– Mange eigarar av gamle bygg er urolege for å få eit freda bygg på garden, då dei fryktar det kan føre til ein del utgifter, seier Nordrumshaugen.

Kan vere fleire «uoppdaga bygg»

Til dette seier han at freda bygg er meir positivt enn negativ.

– Eigarane kan søkje fylkeskommunen om midlar til istandsetjing. Det gjeld særleg bygg som ikkje har stor bruksverdi på garden lenger, seier han og legg til at eigarane var positive til at det vart teke prøver, sjølv om bygga kunne verte freda.

Begge bygningane er bygde med oval tømmer. Dette er ein byggeskikk som var utbreidd heilt frå mellomalderen og fram på 1600-talet.

– Det er truleg mange slike bygg kring om i fylket som endå ikkje er «oppdaga» eller daterte.

Andre saker frå Fjaler:

Artikkeltags