Fjaler snur seg mot SiS

Fjaler kommunestyre vedtar å forhandle med kommunane i indre Sunnfjord

Fjaler kommunestyre vedtar å forhandle med kommunane i indre Sunnfjord Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Men berre for ein naboprat. Døra til Askvoll og Hyllestad er politikarane ikkje klare for å lukke.

DEL

Fjaler kommunestyre bestemte i dag å be om dialog med kommunane i indre Sunnfjord, men vil ikkje lukke døra til Askvoll og Hyllestad. Alle politikarar streka under at det er samanslåing med Askvoll og Hyllestad som er Fjaler sitt mandat etter folkehøyringa.

Det var mindre semje om det finst noko mandat for å forhandle innover, men fleirtalet meinte at det er det.

Det same kjem fram i vedtaket, der HAF er prioritert som nummer ein, men Ap, V og H brukte fleirtalet sitt til å sikre at Fjaler no går i dialog med

kommunane i indre Sunnfjord.

Rådmannen innstilte på følgande vedtak:

1. Fjaler kommune deltek vidare i prosessen med mål om å slå seg saman med Hyllestad og Askvoll innan 30.06.16.

2. Dersom samanslåing med kommunane Hyllestad og Askvoll ikkje blir ein realitet, ønsker Fjaler ein prosess med mål om å slå seg saman med kommunane i «liten» SIS innan 30.6.16

Etter at politikarane var ferdige vart dette vedtaket:

1. Fjaler kommune deltek vidare i prosessen med mål om å slå seg saman med Hyllestad og Askvoll innan 30.06.16.

Med tillegget til punkt 1: Dersom det vert opna for nye forhandlingar av intensjonsavtale i HAF verd desse gjennomførte som felles formannskapsmøte.

2. Parallelt med å avklare HAF-alternativet i Askvoll og Hyllestad skal det gjerast sonderingar mot kommunane i liten SiS.

Sp, KrF, MDG og SV ville stryke punkt to og ha eit anna tillegg til punkt ein som ville medføre ny vurdering først etter at utfallet i HAFS er heilt klart.

Artikkeltags