Fekk ikkje dyrlege då dei trong hjelp: – Kva gjer vi neste gong det ligg ei ku og pinast?

I tre dagar var Fjaler, Hyllestad og Solund utan veterinærvakt. Urolege bønder fryktar å ikkje få hjelp når dei treng det. – Det er ikkje til å legge skjul på at veterinærordninga vert utfordrande i framtida, seier landbrukssjef.