Jeger skal ha skote seg sjølv i låret

RYKTE UT: Politibetjent Sunniva Bruland seier at jegeren er skadd i rumpe og lår.

RYKTE UT: Politibetjent Sunniva Bruland seier at jegeren er skadd i rumpe og lår. Foto:

Politiet melder at det har vore ei jaktulykke måndag morgon.

DEL

Ein jeger er tatt hand om av helsepersonell etter ei jaktulykke i Fjaler i morgontimane måndag.

– Vi har fått melding om det som skal vere ei jaktulykke, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt til Firda klokka 07.27.

Tre personar var på jakt då det skal ha skjedd eit uhell.

– Eit våpen skal ha gått av med eit uhell og ein person er treft. Han er vaken og bevisst og blir tatt hand om av helse.

Det skal vere eigaren av våpenet som har fyrt av skotet. Mannen har skote seg sjølv i låret/setepartiet.  Politiet fekk melding om hendinga 06.45.

– Sidan patruljen ikkje er framme ved staden enno, kan eg ikkje seie særleg meir enno, sa Rebnord like før halv åtte.

Politibetjent Sunniva Bruland seier til Firdas journalist på staden at mannen er skadd i lår og rumpe, men skadane skal ikkje vere kritisk. Mannen, som ifølge BT skal vere i 30-åra, er sendt til Førde sentralsjukehus.


Artikkeltags