Inger Johanne i Fjaler kåra til årets allmennlege

VANN PRIS: Inger Johanne Ravn er fastlege i Fjaler kommune. Onsdag vann ho prisen for årets Allmennlege.

VANN PRIS: Inger Johanne Ravn er fastlege i Fjaler kommune. Onsdag vann ho prisen for årets Allmennlege. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FJALER: Fastlegen i Fjaler fekk onsdag ettermiddag årets Allmennlegepris for sitt arbeid med facebookgruppa «Allmennlegeinitiativet».

DEL

– Eg er veldig overraska og kjempeglad. Prisen inspirerer til å fortsette, og til framleis å vere fastlegesupportar, uttalar Inger Johanne Ravn til Dagens Medisin.

Onsdag vann ho den gjeve prisen under Allmennlegeforeiningas landsrådsmøte og vart overrekt 15.000 kroner og eit grafisk trykk.

Starta facebookside

Prisen vann ho på bakgrunn av arbeidet med facebookgruppa «Allmennlegeinitiativet». Sida var meint som ein stad der ho kunne komme i kontakt med andre kollegaer.

– Opprettinga av Allmennlegeinitiativet var uplanlagt og spontant. Eg trengde å ha nokre kollegaer og diskutere fag med, eit fagleg forum. Det er langt til næraste kollegaer, og eg må reise langt for å komme på kurs, seier Ravn i intervjuet med Dagens Medisin.

Lærer mykje

No har facebooksida Ravn oppretta fått over 3.500 medlemmar.

– Eg er veldig oppteken av at dette skal vere ei gruppe for allmennmedisinarar. Det er eit veldig dynamisk forum, og eg lærer mykje av kloke kollegaer. Dette er instant etterutdanning, uttalar Ravn.

Artikkeltags