Hunden «Jasper» blei skoten på luftetur. No står politiet fast

HUNDEN: Tormod Arstein og hunden Jasper.

HUNDEN: Tormod Arstein og hunden Jasper. Foto:

3. september blei hunden «Jasper» skoten på kloss hald i Hellevik. Politiet står heilt utan spor.

DEL

– Vi undersøker kven som var i Hellevikområdet i det aktuelle tidsrommet. Vi ser også på kven som var på hytter rundt om i området, men vi har fått få tilbakemeldingar frå publikum, seier Åge Løseth, lensmann i Fjaler kommune.

Førre tysdag blei hunden «Jasper» skoten medan eigaren var berre nokre hundre meter unna. Politiet har ikkje vitne til hendinga. Dei har heller ikkje gjort formelle avhøyr.

Kula hunden blei skoten med gjekk gjennom dyret, og politiet har framleis ikkje funne den.

Politiet ser også på mobilbruk i området, men vil ikkje ut med meir informasjon rundt den sida av saka.

Ikkje vitne

– Vi har gjort rundspørjingar, og vi har etterforska, men ein kan ikkje berre gå inn i husa til folk, ein må ha ein grunn til det. Så vi treng meir informasjon frå publikum, seier lensmannen.

Om nokon var i Hellevik-området den 3. september rundt klokka åtte på kvelden, så ber politiet deg ta kontakt.

– Sit du på informasjon om saka, så ta kontakt. Har du observasjonar om personar, bilar eller om det berre er rykte på bygda så ta gjerne kontakt, seier han.

Ifølge Løseth ser politiet alvorleg på saka og seier dei bruker mykje ressursar for å få ei snarleg løysing.

POLITIET: Lensmann Åge Løseth ber vitne i Hellevik ta kontakt.

POLITIET: Lensmann Åge Løseth ber vitne i Hellevik ta kontakt. Foto:

Artikkeltags