Dei jagar folk frå dør til dør

I LY: Inne i bussen får dei ikkje tak i deg, men berre vent til du skal ut.

I LY: Inne i bussen får dei ikkje tak i deg, men berre vent til du skal ut. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FJALER: – Når eg går ut av huset er det ein flokk på 10-20 måsar som prøvar å gjere livet veldig surt, seier Ove Losnegård.

DEL

Han jobbar i eitt av nabohusa, men den korte vegen er lang nok. Her må det springast frå dør til dør.

– I hagen er det ein haug med små nøste, og mødrer og fedrar som prøvar å passe på etter beste evne, seier Losnegård, medan måseskrika går gjennom både husveggen, telefonen og inn i Firda-redaksjonen.

Huset i Dale sentrum har han hatt sidan 1991. Dei siste 6–7 åra synest han det har blitt merkbart fleire måsar, men kan ikkje heilt forstå kvifor. Under eit innlegg han har delt på Facebook kjem folk med mange teoriar. Lite mat i havet og mykje mat i tettstadane er ei forklaring. Kanskje er det også tryggare her, spekulerer andre, fritt for farane i naturen.

– Eg kan ikkje fatte og begripe det. Måsane flyr og skrik heile døgnet. Eg vaknar om natta av eit forferdeleg leven, når dei prøver å passe på nøsta. Dei må jo ha eit veldig bal med oppfostringa når dei må passe så grassat på heile døgnet, men dei har vel funne ut at fiendane er verre andre stader.

Treng ikkje gjødsle

Sjølv har han prøvd å gjere litt for å halde måsane vekke. Han har plassert ein planke med mange spikar oppe på taket, på den vesle flata mellom skorsteinen og mønet.

– Men Coop ligg like ved, og der er det eit stort flatt tak med plass til mange reir. Vi har snakka om å prøve å gjere felles tiltak når hekkesesongen er over.

No er det ikkje lov å gjere noko med måsane. Losnegård har til og med prøvd å redde nokre av plageåndene. Huset han jobbar i har stått ubrukt ei stund. Eit måsepar hadde difor tenkt dei kunne slå seg ned, og valde å bygge reiret sitt på hellene rett framfor husveggen.

– Eg tok ein paraply og prøvde å bere reiret ned på marka, men eg veit ikkje korleis det har gått.

Måsane er i alle fall ikkje utryddingstrua i Dale sentrum. Losnegård har ein kjepp liggande på trappa som han viftar med når han skal hente posten, om ikkje er han eit lett offer for treffsikre måsar.

– Ho eg bur i lag med ville ut og gjødsle plenen, eg sa at ho kunne berre ta seg nokre turar inn og ut av huset, så ville jobben vere gjort.

– Slurvar med matrestar

– Det største problemet er at dei drit veldig mykje, seier bussjåfør Bjarne Myklebust.

Han har tatt bildet av måsane på busstaket. Kvar dag ser han passasjerar som kjem springande med hendene over hovudet som vern for stupande måsar. Han meiner folk til dels kan skulde seg sjølve.

– Det er mykje slurving. Folk kjøper mat på bensinstasjonen og hiv frå seg matrestar, seier han.

Ornitolog Anders Braanaas stadfestar teoriane. Måsar har alltid slått seg ned nær folk, mellom anna for beskyttelse mot rovdyr, men også for mat.

Løysinga er etter hans syn tildekking der ein ikkje ønsker måsar, men det kan først skje neste år.

Artikkeltags