Kim var ute og jakta blinkskot, då himmelen vart farga i raudt

Dette fenomenet dukka opp på himmelen over Dale søndag. Det vart fanga av Kim Kråkenes som var ute med kamera.

Dette fenomenet dukka opp på himmelen over Dale søndag. Det vart fanga av Kim Kråkenes som var ute med kamera. (Foto: )

Himmelen over Dale i Fjaler vart farga av ei ildkule søndag.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

– Eg var ute for å ta bilde og teste eit kamera. Plutseleg såg eg i augnekroken eit lysande objekt, i oransje fargar og med lang gneistrande hale, som bevega seg austover på himmelen, seier Kim Kråkenes til Firda.

Det han snakkar om var ein meteor som forsvann bak fjella i Fjaler, og Kråkenes greidde kunststykke å fange den på eit bilde.

– Dessverre hadde eg berre med meg eit eldre kamera som eg har plukka av eit filter på. I tillegg måtte eg ta bilde medan eg heldt stativet i handa, så det var vanskeleg å halde det i ro. Det syner på bilde, som har ei lukkartid på eitt sekund, seier Kråkenes.

Kim Kråkenes

Kim Kråkenes (Foto: )

– Såg ut som om det brann

Men det var ikkje berre Kråkenes som såg himmellekamen. Fleire har svart i kommentarfeltet på bilde han la ut på Facebook at dei har sett det same. Ei av dei var Bente Liabø Thorsen.

– Det såg ut som om det var noko på himmelen som stod i brann. Det var tydeleg eit raudt lys over himmelen. Eg var ute og gjekk tur med hunden då det dukka opp over Dale sentrum. Eg har aldri sett noko likande, seier Liabø Thorsen til Firda.

Ho fortel at det første ho tenkte var at det var eit fly som flaug over himmelen.

– Men eg skjønte fort at det ikkje var det, så kom eg på at eg har lese om at det skulle vere mykje aktivitet på himmelen. Så dette var moro å få med seg, seier ho.

Ivrig himmelfotograf

For Kråkenes er det første gang han har sett ein så tydeleg hale på ein meteoritt. Men han fortel at han også tidlegare har sett likande.

– Eg hugsar eg såg ein som eksploderte då eg var ung. Men det byrjar å bli nokre år sidan no. Når ein ligg på ryggen og ser slikt på himmelen over seg, så føler ein seg liten, seier den ivrige hobbyfotografen og ler.

(Foto: )

For bilde av meteoren er ikkje første blinkskotet han har teke.

– Eg er ute ganske ofte, og har ei dotter som er interessert i astronomi. Så vi har vore ute fleire netter for å prøve å sjå etter ein komet. Det er ein enkel hobby, som ikkje krev så mykje utstyr. Ein må berre ha eit kamera som tillèt at ein kan stille lukkartida, seier Kråkenes med ei klar oppfordring.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

Artikkeltags