Politiet: Tipsaren er særs truverdig

Parti av Dalsfjorden. Arkivfoto: Bent Are Iversen

Parti av Dalsfjorden. Arkivfoto: Bent Are Iversen

Artikkelen er over 4 år gammel

21. mars varsla politiet i Sogn og Fjordane Forsvaret om at ein særs truverdig person skal ha sett ubåt på nært hald i Dalsfjorden.

DEL

Det var nettstaden aldrimer.no som først omtalte ubåtobservasjonen i Dalsfjorden i Sunnfjord.

– Personen som observerte det han meiner var ein ubåt i Dalsfjorden vil eg karakterisere som særs truverdig, seier lensmann Åge Løseth til Firda.

Ifølgje Løseth skal ubåten ha vore observert på høvesvis nært hald, og den vart både filma og fotografert.

Ifølgje aldrimer.no varsla politet Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) på Reitan utanfor Bodø.

Pressetalsmann ved FOH, oberstløytnant Ivar Moen, seier at dei ikkje har konkludert at det er ein ubåt som er observert, men at det er eit mistenkeleg objekt.

– Vi har i alle høve ikkje ubåtar i området, seier Moen.

Artikkeltags