Festival gir 5000 kroner av overskotet til motorsportklubb

GÅVMILDE: Trøkk'n Truck gir 5000 av fjorårets overskot til Fjaler og omegn motorsportklubb. Tore Fossen er ein av arrangørane bak festivalen.

GÅVMILDE: Trøkk'n Truck gir 5000 av fjorårets overskot til Fjaler og omegn motorsportklubb. Tore Fossen er ein av arrangørane bak festivalen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: – Vi ønskjer å bidra til at dei kan komme i gang igjen med å utøve hobbyen sin, seier Tore Fossen i festivalen Trøkk'n Truck.

DEL

I påska gjekk utstyr for minst 150.000 kroner tapt, då ukjende gjerningsmenn braut seg inn og tente på ATV-garasjen til Fjaler og omegn motorsportklubb i Dale.

Berre dagar etter starta Nina Yndestad Fløholm ein innsamlingsaksjon for klubben. Andre påskedag hadde klubben fått inn om lag 30.000 kroner.

No har også festivalen Trøkk'n Truck valt å gje motorsportklubben ei pengegåve.

– Vi hadde eit lite overskot frå festivalen i fjor. I staden for at vi brukar det på sjølve, vil vi gje det til nokon som treng det. Då vi las om kva som hadde skjedd i Dale vart vi både lei oss og sinte. På eit møte torsdag bestemte vi oss difor om å gje dei 5000 kroner, fortel Tore Fossen, medeigar i festivalen.

Håpet er at fleire også vil følgje etter.

– Vårt håp er at dei skal kome i gong igjen. Dette hærverket motorsportklubben har blitt ute for er heilt meiningslaust. Eg forstår ikkje at folk kan finne på å gjere noko slikt. Dette går utover unge med lite ressursar. Det gjer det ekstra ille, seier Fossen.

Tidlegare i dag ringde han leiaren i motorsportklubben og fortalde om gåva. Det vart godt motteke.

– Vi ønskjer å bidra til at dei kan kome i gang igjen med å utøve hobbyen sin. Vi ønskjer dei alt vel og håpar bidraget kan vere eit steg på vegen mot å få kjøpt nytt utstyr så fort som råd. Vi oppmodar også andre til å gjere det same, seier Fossen.

Artikkeltags