– Den største i moderne tid

Denne laksen på 16,1 kilo tok Rune Eide i Flekkeelva onsdag kveld.

Denne laksen på 16,1 kilo tok Rune Eide i Flekkeelva onsdag kveld. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FJALER: – Eg har ikkje høyrt om så stor laks her sidan 1960-talet.

DEL

Rune Eide frå Førde har fått eit tosifra tal laksar denne sesongen, men vedgår at storlaksen han fekk onsdag kveld, var spesiell.

– Ja, det å få på land ein laks på 16,1 kilo i Flekkeelva var uvanleg kjekt. Det er jo ikkje vanleg at det vert teke så stor laks i elvene i Sunnfjord, seier Eide om laksen han fekk rett under Harefossen, på Hovland-sida.

Tok 20 minutt

– Eg fiska med flugestong og hadde ei fluge som Frode Andersen frå Høyanger har laga. Og med eit såpass lett utstyr, kjende eg raskt at dette var ein stor laks. Han drog rett ut av hølen i Harefossen, og gjekk ned i Grunnehølen. Då måtte eg berre følge etter. Han prøvde også å presse seg ned i Frauhølen, men då makta eg å halde han igjen. Og etter omtrent 20 minutt så hadde eg fått laksen på land, seier Rune Eide.

Vassføringa i Flekke- og Guddalsvassdraget var ifølge Eide heilt ideell onsdag kveld, og det tok ikkje lang tid før han hadde fylt kvoten på to laks.

– Eg fekk først ein tart på omtrent to kilo, før denne storfisken beit på. Så då var det berre å reise heim igjen, smiler Eide etter fiske-suksessen i Fjaler.

Den største

Ola Kjell Loneland, som sel fiskekorta i Flekkeelva, stadfestar at det er lenge sidan det er teke så stor laks i vassdraget.

– Eg har ikkje høyrt om så stor laks sidan 1960-talet. Iallfall ikkje teke på fluge. Vi har sett nokre slike ruggar i samband med stamfisket seint på haustane. Men eg har ikkje fått rapportar på så stor fisk på lenge, lenge, seier Loneland som sjølv såg fisken som Rune Eide tok onsdag kveld.

– Det var ein uvanleg flott fisk og var 119 centimeter lang. Og Eide fekk jo også ein laks på 15 kilo her i elva for nokre år sidan. Så han har verkeleg fått oppleve Flekkeelva på sitt beste, seier Loneland og trur storleiken på laksen kan vere på veg tilbake.

– Men vi vil nok ikkje oppleve slik fisk som det går historier om frå tidlegare tider. Her i Flekkeelva skal det visstnok i 1912 vere tatt laks på 32 kilo, og vi har høyrt historier om både 29 og 26 kilo. Og sjølv hugsar eg frå 1960-talet at det vart teke ein laks på litt over 17 kilo. Så den Eide fekk på onsdag er nok den største i moderne tid, seier Loneland.

Artikkeltags