Sjå på denne hjarteknusaren

Laurdag kom kalven «Emilie» til verda, og det vart raskt klart at den hadde ein særeigen utsjånad.

Laurdag kom kalven «Emilie» til verda, og det vart raskt klart at den hadde ein særeigen utsjånad. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Den heiter Emilie, og med dette spesielle merket i panna, kan kalven sjølvsagt vente seg ein stor dose kjærleik framover.

DEL

– Vi tek imot ein 60–70 kalvar i året, så eg la ikkje merke til merket først. Seinare såg eg at det var nærmast perfekt symmetrisk, seier Kjartan Åsnes, som driftar Straumsnes mjølk og kjøt i Fjaler, saman med to andre bønder.

Laurdag kveld kom kalven «Emilie» til verda. Den er kalla opp etter ei av døtrene til søskenbarnet hans, som var på gardsbesøk og oppdaga den spesielle kalven.

– Eg såg ikkje fødselen sjølv. Vi har lausdrift, så kua har gått inn og kalva for seg sjølv, seier Åsnes.

Men då han fekk sjå kalven med eigne auge, var han kjapp med å ta bilde av hjarteknusaren, der den låg med det tydelege, kvite hjartet i panna.

– Eg kan ikkje hugse å ha fått kalvar med hjartemerker før. Men eg hugsar eit 7-tal og eit 2-tal, seier bonden og humrar.

Han trur den vesle kalven vil bli populær blant dei mange barnehage- og skuleborna som av og til besøker garden – samt hos familien til søskenbarnet hans.

– Den kan vel vente seg ein god dose kjærleik, passande nok?

– Det reknar eg med. Den vil nok bli populær i oppveksten, seier Åsnes.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken