Difor øver naudetatane i Nishammartunnelen

BRANNVERNLEIAR: Christopher Ebbang.

BRANNVERNLEIAR: Christopher Ebbang. Foto:

FJALER: Øvingsleiar: – Vi øver for å sjå kva vi ikkje kan.

DEL

Det seier Øyvind Helle før katastrofeøvinga i Nishammartunnelen på fv. 57 i Dale.

Torsdag kveld er tunnelen stengd frå klokka 17.30 til 20.30 fordi naudetatane skal øve på ei fiktiv ulukke i tunnelen.

Utgangspunktet: to bilar har kollidert i rundkøyringa i tunnelen. Som følgje av det oppstår det røykutvikling. Den eine bilen skal ikkje ha klart å stoppe i rundkøyringa.

Ifølgje Christopher Ebbang, brannvernsleiar, vil ikkje folk flest merke så mykje til øvinga anna enn at tunnelen blir stengd og at utrykkingskøyretøy vil ha blålys.

Det vil også bli brukt røyk under øvinga. Denne er ufarleg, seier Ebbang.

Opp mot 60 personar er med

Det er førebels usikkert kor mange naudetatar som rykker ut, men totalt vil det vere mellom 50 og 60 personar med på øvinga. Dette er inkludert markørar.

– Om det skulle oppstå ein reell situasjon som naudetatane må rykke på har vi nok folk på jobb til å handtere dette, seier brannvernsleiaren.

Alle brannvesen som dekker område med tunnelar over 500 meter er pliktige til å ha slik øvingar.

Røyk i tunnelen

For å gjere øvinga så realistisk som mogleg blir store delar av tunnelen røyklagd. Det vert brukt markørar i dei krasja bilane, som alle har ulike skadar naudetatane må handtere.

Det er også fleire observatørar med på øvinga, både kommande brannmenn og helsefagarbeidarar.

Markørane i bilane blir tatt hand om som i ein vanleg naudsituasjon. I denne øvinga var det 11 personar involverte i trafikkulukka fordelt på tre bilar. To vart alvorleg skadd, ein kritisk.

Like over klokka 19.00 var øvinga i tunnelen over, men det står igjen litt før tunnelen kan opne att.

STENGD: Hit, men ikkje lenger. Nishammartunnelen er stengd til klokka 20.30.

STENGD: Hit, men ikkje lenger. Nishammartunnelen er stengd til klokka 20.30. Foto:

Artikkeltags