Bil i rekkverk i Fjaler: Store materielle skadar

DEL

Ein bil har køyrt inn i eit rekkverk nær Fredensborg i Fjaler fredag ettermiddag. Politiet fekk melding om ulykka klokka 13.01.

Ifølge operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt har bilen store materielle skadar etter krasjen. To airbagar skal vere løyst ut. Det er også meldt om personskadar.

– Det var éin person i bilen. Denne klagar over smerter i ein arm, seier Knappen klokka 13.23.

Vedkommande er bevisst og Knappen opplyser at dei har fått beskjed om at det ikkje er behov for ambulanse.

– Det er meldt inn at bilen måtte svinge unna for å unngå ein kollisjon med ein annan bil og derfor hamna i rekkverket.

Den andre bilen skal ikkje ha fått skadar i episoden. Føraren av denne bilen er også framleis på staden og ein patrulje er i dialog med dei involverte.

– Partane er litt usamde om kva som faktisk har skjedd, seier Knappen.

Den skadde bilen står utanfor vegen. Trafikken glir greitt forbi på staden, opplyser politiet.

Artikkeltags