Ein av verdas rikaste skipsreiarar enda sitt liv i Fjaler. No kjem teaterstykket

TEATER: Forfattar Rolf Losnegård (72) er klar for å lage teater om den myteomspunne Erik Lawrence Grant Lea.

TEATER: Forfattar Rolf Losnegård (72) er klar for å lage teater om den myteomspunne Erik Lawrence Grant Lea. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KULTUR: Han var i si tid blant dei rikaste i verda, gift med ei indisk prinsesse og hamna i Fjaler etter konkurs. Mytar eller ikkje, no skal den spesielle livshistoria bli teater.

DEL

Vi snakkar om skipsreiaren og jobbetidsspekulanten Erik Lawrence Grant Lea. Han var ein av verdas rikaste menn under første verdskrig. I Bergen var han sentral og myteomspunnen. Det vart sagt at alt han rørte ved vart til gull, og at han var gift med ei prinsesse frå India. På starten av 1920-talet gjekk han konkurs. Det einaste han stod att med, var eit lite sagbruk i Gjølanger i Fjaler kommune. Der slo han seg ned saman med kona og levde eit meir tilbaketrekt liv.

I Fjaler finst det fleire kulturminne knytt til Lea. No meiner Hellevik Grendelag at desse bør takast vare på og omtalast i kulturminneplanen for Fjaler og Askvoll. Dette gjeld huset til Lea, kapellet han bygde og grava til han og kona på Dale kyrkjegard.

I tillegg samarbeider grendelaget med forfattar Rolf Losnegård om eit teaterprosjekt om Lea.

Det store fallet

Rolf Losnegård, som har ansvar for å skrive teaterstykket, seier at prosjektet allereie er eit par år gamalt og har lege i ro ei stund.

– Eg har vore oppteken med andre prosjekt i mellomtida, men er no klar for å gå vidare med Lea-prosjektet. Vi hadde ei samling på puben i Hellevik, der Lea var temaet. Vi fekk høyre historier frå folk som kjende han. Mange er oppglødde over at vi skal lage teater, seier Losnegård.

Førebels jobbar Losnegård ut ifrå arbeidstittelen «Erik Grant Lea – Det store fallet».

– Tittelen seier svært mykje. Den skildrar både livet til Lea og kona.

Produsent for prosjektet vil vere Ingrid Hansen.

Kunne vore filmatisert

Det står att å søkje om midlar til teaterprosjektet. Losnegård jobbar no med å bestemme korleis stykket skal utformast.

– Eg har jobba med idear til form og stil på stykket og om det skal vere dokumentarisk eller skjønnlitterært. Og vi må komme fram til storleiken på stykket og kor konsentrert det skal vere. Historia kunne òg ha vore filmatisert, meiner Losnegård.

– Eg har hatt samtalar med Norvald Tveit om prosjektet. Han har jo skrive bok om Lea. Det har ikkje vore søkt om midlar enno, men det er noko vi etter kvart kjem til å gjere.

Personleg kjennskap til Lea

Losnegård bur for tida nærast vegg i vegg med huset Lea budde i.

– Eg kjøpte eit hus som stod kloss i vegg med Lea sitt. Eg har personleg møtt Lea eit par gonger. Han dreiv sagbruk på Gjølanger, og eg og far min var der og leverte tømmer. At eg har møtt han og at eg bur i området, gjer at alt kjem litt nært på meg.

Om alt går etter planen, er det mogleg at teaterframsyninga vert sett opp allereie til neste år.

– Vanskeleg å seie når vi er ferdige. Om ting klaffar kan vi klare det innan eit halvt år. Eg reknar med at eg treng den tida til skriving. Og arbeidet med det andre bør gå parallelt.

Artikkeltags