Mange ulovlege teiner i Nordfjord

Av

I ein fellesaksjon i Nordfjord i midten av september vart det teke beslag i 165 teiner. 60 av desse tilhøyrde ein fritidsfiskar frå området.

DEL

Fiskeridirektoratet, Politiet, Kystvakta og Statens Naturoppsyn var med i aksjonen som starta 19. september i Måløy og vart avslutta to dagar seinare lenger sør i Sogn og Fjordane.

Det vart i alt beslaglagt om lag 200 ulike reiskapar og sakene er melde til politiet, fortel Fiskeridirektoratet på nettsidene sine.

– Vi agerer både utifrå eigne vurderingar og ikkje minst med bakgrunn i tips frå publikum. Når vi arbeider saman med andre kontrollmyndigheiter får vi meir slagkraft og når over større område, og kan kontrollere all reiskap som står i sjøen, uavhengig av mengde og kor djupt reiskapen står, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest.

Fritidsfiskarar har berre lov å fiske med 20 teiner, så han som vart teken med 60 teiner ståande i sjøen vil få eit oppgjer med påtalemakta. 32 av dei beslaglagde teinene var ordinære krabbeteiner, 10 var krepseteiner og 18 var havfisketeiner.

– Når fritidsfiskarar som har inntekt frå anna verksemd fiskar med slike mengder, går det ut over yrkesfiskarar som faktisk skal leve av å fiske. Vi får inn mange tips om ulovlege mengder reiskap og det kan bety at det er mykje ulovleg fiske blant fritidsfiskarar, seier Iden.

Kontrollane vil halde fram utover hausten, spesielt no under hummarfisket som starta 1. oktober.

Artikkeltags