Nesten 400.000 fisk døydde ved oppdrettsanlegg

Av
DEL

Nesten heile smoltutsettet, på 400.000 fisk, døydde på eitt av anlegga til Blom Fiskeoppdrett i Vågsøy i Sogn og Fjordane. Årsaka er framleis ukjent.

Det skriv Fjordenes Tidende.

Fisken skal ha døydd etter berre to til tre døgn i anlegget. Blom Fiskeoppdrett veit ikkje kor stor del av kullet som døydde, men det skal vere snakk om mesteparten av smolten som blei sett ut.

Blom Fiskeoppdrett jobbar no tett med Mattilsynet og veterinærar for å finne årsaka til hendinga.

Artikkeltags