Opp mot 250 kroner kiloen på auksjon i Tokyo

Bluefin-skipper Atle Magne Nekkøy.

Bluefin-skipper Atle Magne Nekkøy. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

«Bluefin» leverte førre helg 49 makrellstørjer.

DEL

Torsdag sist veke gjekk makrellstørjer frå «Bluefin» for opp mot 250 kroner kiloen på auksjon i Tokyo, skriv Fiskeribladet.

Ifølgje avisa har japanarane fått smaken på den norske makrellstørja, og prisane aukar etter kvart som mannskapet på «Bluefin» lærer meir og meir om korleis dei skal sikre kvaliteten.

– Strategien er å fryse inn og selje fisken i mindre parti, sa skipper Atle Magne Nekkøy til Firdaposten i samband med leveransen førre helg.

– Noko av det første partiet er selt. Vi har hatt japansk inspektør om bord og det er den beste fisken som blir sendt dit. Dette med prisane er det salsapparatet som tek seg av.

Ifølgje Firdaposten kan «Bluefin» fangste 100 makrellstørjer.

Artikkeltags