Nektar å betale millionbota

Ola Braanaas.

Ola Braanaas. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Laksemillionær nektar å betale bot for fiskerømming.

DEL

Det skriv NRK på sine nettsider.

Lakseoppdrettar Ola Braanaas har sett seg imot å betale ei bot på to millionar kroner for ei omfattande fiskerømming.

Difor har han måtte møte i Nordhordland tingrett.

I mars 2012 gjekk det gale på eitt av oppdrettaren sin anlegg i Gulen. Ei av nøtene rivna i sterk vind, og om lag 123.000 oppdrettsaurar rømde, skriv NRK.

Politiet gav Firda Sjøfarmers ei bot på to millionar, for å ha unnlate å drifte anlegget på ein forsvarleg og miljømessig måte då rømminga skjedde.

Braanaas sin advokat viste på si side til at nota like før rømminga var undersøkt av ein dykkar, som ikkje fann manglar som skulle tilseie at nota skulle rivne.

NRK skriv vidare at Braanaas ikkje ønskjer å uttale seg om saka.

Braanaas er forøvrig den med høgast formue i Sogn og Fjordane og stod i fjor bokført med ei formue på 580 millionar.

Artikkeltags