Arbeidet skal utførast av profesjonelle fagmiljø, melder Oppdrettsnæringens sammenslutning for utfisking av rømt oppdrettslaks (OURO) i ei pressemelding.

Sju elvar i fylket

Totalt sju elvar i Sogn og Fjordane står på lista over elvar der rømd oppdrettslaks skal fiskast ut i løpet av hausten, og resultata skal vere klare i løpet av februar.

Desse elvane står på lista: Vikja, Årøyelva, Daleelva, Gaula, Jølstra, Gloppenelva, Eidselva.

Kartlegging

– Dette er eit svært positivt tiltak der vi både får kartlagt og fiska ut rømd oppdrettsfisk i dei elvane som har mest rømd oppdrettslaks, seie styreleiar i OURO, Roar Paulsen.