Nytt fiskekvotesystem får både ris og ros

Av
DEL

Stortingsmeldinga om eit nytt forenkla kvotesystem for fiskarnæringa blir mottatt med både glede og forbanning. Fiskebåt er glad, SV kallar det eit svik.

Nye fiskeriløyve, vidareføring av strukturkvoteordninga og ein ny marknadsplass for utveksling av kvotar er blant tiltaka i den nye kvotemeldinga.

– Det går bra i fiskerinæringa. Gjennom denne stortingsmeldinga legg vi grunnlaget for at dei gode tidene kan halde fram, slik at vi kan skape endå større verdiar av dei rike fiskeressursane i sjømatnasjonen Noreg. Det er viktig for å finansiere velferda vår, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp).

Fiskeriministeren la fram stortingsmeldinga om kvotesystemet fredag. Meldinga inneheld fleire tiltak som skal sørge for eit enklare og meir fleksibelt og effektivt system for næringa.

– Tiltaka vi no foreslår vil gjere systemet mindre krevjande for næringa og forvaltninga. I tillegg vil det bli meir fleksibelt, meir transparent og lettare å forstå. Målet er framleis berekraftig forvaltning, auka verdiskaping i fiskerinæringa, betre utnytting av heile fisken og aktivitet langs heile kysten, seier Nesvik.

I tillegg til ein gjennomgang av kvotesystemet, blir det òg lagt fram to strategiar: éin for heilårsarbeidsplassar og éin for bruk av heile fisken.

Grundig gjennomgang

Styreleiar Jonny Berfjord i Fiskebåt er glad for at det har komme ei politisk avklaring rundt rammevilkåra for fiskerinæringa. Regjeringa har arbeidd i to år med stortingsmeldinga.

– Fiskebåt vil no gjere ein grundig gjennomgang av stortingsmeldinga, for deretter å gi råd knytt til dei mange forslaga. I samband med dette må vi òg ha heilskapen for auge, seier Berfjord.

Sjømat Noreg poengterer at næringa no treng ro og føreseielege rammevilkår ved at ein får ei varig løysing på plass.

– Vi er svært opptatt av å auke verdiskapinga gjennom lønnsam foredling av fisk i Noreg, og i samband med dette er kvotesystemet eit viktig rammevilkår. Det handlar om å ha ein differensiert fiskeflåte som kan levere fangst av god kvalitet gjennom heile året, som utnyttar tilgjengelege ressursar på ein berekraftig måte og som har moglegheit til å spesialisere drifta, seier administrerande direktør Geir Ove Ystmark i Sjømat Noreg.

Fisken tilhøyrer folket

Fiskeripolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Cecilie Myrseth seier at det eit grunnleggande prinsipp for partiet at fisken tilhøyrer folket.

– Vi kan på ingen måte akseptere at nokon skal få eigne kvotar til evig tid. Vi vil derfor forsikre oss om at dei planlagde forenklingane i kvotesystemet ikkje rokkar ved dette viktige prinsippet, seier ho til NTB.

Ho strekar under at partiet er opptatt av føreseielege og langsiktige vilkår for næringa.

– Vi vil hegne om samfunnskontrakten mellom hav og land for å sikre meir tilverking, auka industriverksemd og arbeidsplassar langs heile kysten, seier Myrseth.

Senterpartiet vil gå i dialog med dei andre partia for å påverke innhaldet i meldinga. Stortingsrepresentanten til partiet Geir Pollestad seier dei vil gå mot alle forslag som bidreg til å sentralisere fiskeria eller flytte verdiar bort frå kysten.

– Det vil vere eit gode for fiskerinæringa om vi får til eit breitt fiskeripolitisk kompromiss som kan gi føreseielege vilkår og stabilitet for fiskerinæringa, seier Pollestad.

– Eit svik

SVs nestleiar og næringspolitiske talsperson Torgeir Knag Fylkesnes kallar stortingsmeldinga eit svik mot befolkninga til kysten.

– Dette vil gi endå færre langs kysten rett til å fiske. Det er den største liberaliseringa av norsk fiskeripolitikk sidan Svein Ludvigsen var fiskeriminister. Regjeringa har laga ein omfordelingsmaskin der historiske rettar folket langs kysten har hatt i hundrevis av år, effektivt blir overført til dei aller rikaste, seier han til NTB.

Han seier vidare at partiet vil ta alle lovlege middel i bruk for å stoppe denne utviklinga.

– No må kysten samle seg og stå opp endå ein gong mot Frps storstilte liberalisering av havet vårt, seier han.

(©NPK)

Artikkeltags