Laksefisket blir korta ned i Sogn og Fjordane

Av
DEL

Miljødirektoratet stansar laksefisket i fleire vassdrag i Sogn og Fjordane fordi fangsten har vore betydeleg lågare enn tidlegare år.

Laksefisket i vassdraga rundt Sognefjorden og Førdefjorden blir avslutta to veker tidlegare enn vanleg.

Dei fleste vassdraga i området har hatt fisketid fram til 31. august, men no vil laksefisket for denne sesongen stansast allereie 17. august, skriv Miljødirektoratet.

– Å stanse fisket er eit tiltak for å sikre nok gytefisk i elvane til hausten, seier fungerande avdelingsdirektør Line Fjellvær.

Mykje tyder på at innsiget av villaks i vassdraga i Sogn og Fjordane er avvikande lågt. Miljødirektoratet meiner at fangsten er meir enn halvert frå tidlegare.

Samtidig har fangsten i området vore langt dårlegare enn i resten av landet.

(©NPK)

Artikkeltags