Denne kjempa fekk Ivar i Kjøsnesfjorden

Ivar Sægrov saman med rekordfisken på 9,4 kilo og 88 cm. For Sægrov er det personleg rekord, og han meiner det er den nest største auren som er teke i Kjøsnesfjorden. – Som er kjent, legg han til.

Ivar Sægrov saman med rekordfisken på 9,4 kilo og 88 cm. For Sægrov er det personleg rekord, og han meiner det er den nest største auren som er teke i Kjøsnesfjorden. – Som er kjent, legg han til. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Den hadde ein fisk på 30 cm i magen, og restane av ein tilsvarande.

DEL

Ivar Sægrov frå Jølster fekk seg ein støkk då han drog flytegarnet sitt i Kjøsnesfjorden i Jølster tysdag morgon.

For opp frå vatnet drog han ein aure på 88 centimeter.

Les også: Fisken på 7,8 kilo hang fast etter berre underkjeften og Tok den største laksen i heile elva

9,4 kilo

Sægrov målte den først til 9,3 kilo, men etter ei kontrollveging på land stoppa vekta på 9,4.

– Når du ser ein slik fisk komme opp, då får du eit skikkeleg kick. Det er noko ein ganske sjeldan opplever, seier den erfarne jølsterfiskaren, som har fiska i Jølstravatnet i 65 år.

Jølstravatnet er kjent for sine sluggeraurar, og nokon kjemper har det blitt på Sægrov opp gjennom åra. Men tysdagens garnfisk er ein klar rekord for jølstringen.

– Eg har fått ein på åtte kilo, ein på sju, ein på seks. Den største tok eg tidleg på 60-talet, så det er nokon år sidan. Men eg har fått fleire på rundt fem kilo sidan den gongen, seier Sægrov, som meiner dette kan vere den nest største auren som er teke i Kjøsnesfjorden.

– Som er kjent, legg han til.

Fisken var velfødd, og i buken låg ein 30 cm lang aure, og restane etter ein tilsvarande.

Fisken var velfødd, og i buken låg ein 30 cm lang aure, og restane etter ein tilsvarande. Foto:

Aure på 30 cm i magen

Han har enno ikkje teke skjelprøve av auren, men tippar den er mellom 10 og 15 år gamal.

Veksten og magemålet har den frå ein diett av sine artsfrendar, noko som kom tydeleg fram då Sægrov spratt buken på fisken.

– Den hadde ein fisk på 30 cm i magen, og restane av ein tilsvarande, seier han.

Jaktar på større fisk

Og sjølv om det er langt mellom dei aller største fiskane, så håpar Sægrov at det skal skje det same med han som med ein nabo av han; at når ein først har fått ein rekordfisk - då er det kort tid til den neste.

Sægrov er ivertfall klar på at han ikkje gir seg i jakta med det første.

– Eg lev i håpet, seier han.

Sægrov på veg inn til land med rekordfisken.

Sægrov på veg inn til land med rekordfisken.

Artikkeltags