No kan du fiske denne med stong, viss du søker om løyve

SVÆR: Her er mannskap frå Florø-fiskebåten Bluefin i gang med å få makrellstørjer på land etter eit vellukka fiske.

SVÆR: Her er mannskap frå Florø-fiskebåten Bluefin i gang med å få makrellstørjer på land etter eit vellukka fiske. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FISK: Havforskingsinstituttet har fått lov å merke 20 makrellstørjer. Men då må størjene fiskast opp, og til det treng dei hjelp frå kyndige stongfiskarar.

DEL

Størjene skal merkast elektronisk, slik at forskarar kan lære meir om vandringa deira i havet. Dette skal gå føre seg på vestlandskysten i sommar, når størjene kjem og beitar langs kysten.

Det skriv Havforskingsinstituttet.

Stongfiske mest skånsamt

– Et han makrell i overflata, eller blekksprut på store djup? Dreg han til Karibia, Middelhavet eller Afrikas kyst? Finn fram globusen, for heile det blå området er tilgjengeleg for formel-1-fisken. Vi veit forsvinnande lite om dei på individnivå, fortel størjeforskar og -entusiast Leif Nøttestad til Havforskingsinstituttet.

Havforskingsinstituttet etterlyser proffe stongfiskarar som kan fiske opp størjene for dei. Stongfiske er nemleg den mest skånsame og effektive metoden for å fange enkeltstørjer på opp til 370 kilo, ifølge havforskar Keno Ferter, som er ansvarleg for gjennomføringa.

Du må sleppe den ut igjen

Men jobben er ikkje for kven som helst.

– Her er det ikkje berre å sleppe nokon på fjorden med sluk. Dette skal gå proft føre seg i HI-regi. Vi har eitt mål, og det er å fiske, merke og sleppe kvar størje så skånsamt som mogleg, seier Keno Ferter på Havforskingsinstituttet sine nettsider.

Fram til no har berre utvalde fiskebåtar fått drive prøvefiske etter den ettertrakta makrellstørja. Fleire båtar frå Sogn og Fjordane har fått sjansen, mellom anna MS Hillersøy frå Askvoll og Bluefin i Florø.

Les meir:

Bluefin fekk 78 makrellstørjer

Hillersøy fekk makrellstørjer til fire millionar kroner på eitt kast

Artikkeltags