Vil helst skilje seg ut frå mengda

Amalie har farga håret sitt sidan november i fjor. Hårfarge byter ho nesten annakvar veke.

Amalie har farga håret sitt sidan november i fjor. Hårfarge byter ho nesten annakvar veke. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Kort hår, grønt hår og dress kvar dag. Møt dei som skil seg ut frå mengda.

DEL

Mange likar å sjå ut som dei fleste andre, men nokre vil helst skilje seg ut. Møt Sebastian, Jim Steven og Amalie som har sin heilt eigen stil.

Jim Steven (16) frå Bremanger går med dress kvar dag, uansett kva situasjon. Då er han både førebudd på alt og kan samtidig heidre falne jazzmusikarar. Du skulle kanskje ikkje tru det, men Jim ser eigentleg ikkje på dressen som nokon stor «deal».

– Eg er generelt ikkje interessert i utsjånad, så folk får berre seie det dei vil seie. Men eg brukar dressen for å heidre falne jazzmusikarar og det er mykje viktigare enn andre sine meiningar.

I dress kvar dag

Så klart føler han at nokre stirar, men det får berre gå, tenker han. – I England er det jo vanleg å gå med dress, så kvifor ikkje her?

Jim brukar dress kvar dag på skulen for å heidre falne jazzmusikarar.

Jim brukar dress kvar dag på skulen for å heidre falne jazzmusikarar. Foto:

Han begynte med stilen då han flytta på hybel i fjor haust.

– Fordi eg ikkje gidd å vaske kleda mine så ofte fann eg ut at eg skulle bruke dress, sidan den kan vaskast sjeldnare. Eg starta forsiktig med å bruke dressjakke over ei t-skjorte.

Så begynte han med dressbuksa, og så skjorta. Til slutt begynte han med slips og sko, og no er «looken» komplett. – Eg brukar også hatt av og til visst eg føler for det, men det er vanlegvis når eg syng på konsert.

Han brukar gjerne ei dressjakke kvar sesong. Derfor er det skjorta som er det viktigaste, sidan den skapar ein stor variasjon på fargane.

– Slipset har også mykje å seie. Eg kjøper vanlegvis alt til dressen på Dressmann, men eg har også fått ein spesialsydd dress frå Thailand ein gong.

Short hair, don't care

Dei fleste jenter har langt hår, medan Amalie Nedrebø Einan (16) frå Førde har hatt kort hår i fleire år.

– Det er det som kler meg best. Det har også mange fordelar som langt hår ikkje har. Eg kan bleike og farge heile håret sånn som eg vil, og viss det blir feil, så er det ikkje så lenge til eg berre kan klippe det bort.

Eg blei meir og meir sjølvsikker som åra gjekk, og no bryr eg meg ikkje i det heile.

Amalie Nedrebø Einan (16)

Amalie har alltid vore litt annleis, no bryr ho seg ikkje i det heile.

– Vel, då eg var yngre, så var eg ganske gutete av meg, men sjølv då brydde eg meg ikkje så mykje om kva andre sa. Eg blei meir og meir sjølvsikker som åra gjekk, og no bryr eg meg ikkje i det heile.

Ho begynte å farge håret i november i fjor.

– Det varer ikkje så lenge så eg bytar farge veldig ofte. Fargane kan vere alt frå neon-blå til lilla. Men dei kan også vere pastellfargar.

Det starta med at ho ville prøve noko nytt. – Mange sa at eg kledde hårfargane, så eg berre fortsette å farge det.

Ho får gjerne blikk og kommentarar, men dei fleste er positive.

– Spesielt får eg blikk frå små barn. Dei seier gjerne «Sjå! Lilla hår!», men eg synest det berre er morosamt, og eg tar det ikkje til meg negativt.

Hårfargane får ho tak i storbyar som Bergen og Oslo.

– Dei har gode frisørsalongar med produkt eg kan stole på.

Får blanda respons

Sebastian Haukås (16) frå Førde fargar også håret, men berre grønt. Han vil likne på «The Joker» frå DC-Comics, medan kjærasten hans liknar på teikneserieskurken sin kjæraste, Harley Quinn.

Sebastian fargar håret grønt. Då liknar han i alle fall på superskurken «The Joker» frå teikneserien.

Sebastian fargar håret grønt. Då liknar han i alle fall på superskurken «The Joker» frå teikneserien. Foto:

Sebastian bryr seg til ei viss grad kva andre meiner.

– Så lenge eg synest at det ser kult ut, er eg nøgd. Eg likar heller ikkje så godt å gå etter trendar, sjølv om det høyrest veldig hipster ut.

Han farga håret for rundt to månadar sidan.

– Eg farga håret grønt i hovudsak fordi eg likar teikneseriar og «The Joker». I august kjem den nye «Suicide Squad»- filmen, og eg treng å førebu meg til filmen, sidan den blant anna inneheld «The Joker». Eg synest farga hår, eller annleis hår generelt, ser litt kult ut.

Planlagt med kjærasten

Jobben vart sjølvsagt planlagt i lag med kjærasten.

Sebastian Haukås med kjærasten Sofie Larsen.

Sebastian Haukås med kjærasten Sofie Larsen. Foto:

– Kjærasten min Sofie farga håret raudt og svart for å likne på Harley Quinn, så det var ganske planlagt.

Likt som Amalie, får Sebastian blikk frå små barn.

– Dei snur seg gjerne og seier «Sjå! Han hadde grønt hår». Akkurat det synest eg er ganske kjekt. Dei fleste har sagt det er kult, men nokre få har sagt at dei ikkje er så stor fan. Mange vaksne gir kompliment, medan nokre synest det er teit og barnsleg. Mora mi hjelpte meg til dømes med å farge det, så ho støttar det.

Artikkeltags