– Eg ønsker å bidra til å få Elevorganisasjonen meir integrert i det politiske landskapet i fylket, og ikkje vere så anonyme som vi kanskje har vore hittil. Det er viktig at vi får ei sterk rolle inn mot fylkestinget og at elevane føler ei tilhøyrsel til oss, seier Sofie.

Trivast som leiar

Ho vart vald til ny fylkesleiar for Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane i slutten av januar, då i overkant av 40 elevar frå heile fylket var samla på Hafstad vidaregåande skule for årets første elevsamling.

Men dette er ikkje første gong ho har hatt eit leiarverv.

– Eg har hatt leiarvervet i alle organisasjonane eg har vore, men det er også den rolla eg trivst best i, fortel Sofie.

Som 8.-klassing vart ho med i ungdomsrådet i Sogndal. Sidan då har sogndalsjenta vore tillitsvald i ei rekke organisasjonar og lokallag – så mange at ho ikkje heilt klarar å ramse opp alle. No ser ho fram til å jobbe med det ho brenn aller mest for.

– Skulepolitikken er det eg er mest engasjert i. Eg ser dagleg forbetringspotensial i den norske skulen, ettersom eg sjølv er elev. Det er lett å relatere seg til sakene som blir diskutert, seier Sofie.

Elevorganisasjonen (EO)

  • Er ein landsomfattande partipolitisk uavhengig organisasjon for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og i ungdomsskulen i Norge.
  • Er basert på frivilligheit og organisasjonen uttalar seg berre om skulepolitikk.
  • Organisasjonen er delt opp i 19 fylkeslag og eit sentralstyre med over 400 medlemsskular over heile landet.
  • Elevorganisasjonen deler ut over 2 millionar kroner til elevråd og skular årleg gjennom EO-fondet, og tilbyr mellom anna seminar, kampanjar, skuleringar.
  • Har mellom anna oppnådd lovfesta rett til elevråd, gratis skulebøker, Opplæringslova §9a og stopp av tilfeldige narkorazzia i skulen.
  • Operasjon Dagsverk er i regi av EO.

Kjelde: Wikipedia.

 

Vil utvikle organisasjonen

No ser ho fram til å møte elevane i fylket.

– Å møte elevane, høyre kva dei har å seie og finne løysningar på problema deira, gler eg meg mest til.

Ho meiner organisasjonen har stort potensial, og ønsker å vere med å utvikle den vidare. Men sjølv om Sofie likar seg i leiarrolla, er det ikkje alltid berre fryd og gammen.

– Som leiar er det du som frontar organisasjonen, og det kan vere ei utfordrande rolle å ta på seg. Ein skal samarbeide godt innanfor organisasjonen og lytte til kva andre vil, men ein kan ikkje trumfe gjennom eigne meiningar.

Likevel er det å delegere oppgåver noko av det kjekkaste ho veit.

– Å sjå kor glade dei blir når dei lukkast med oppgåvene dei har fått, er ei ubeskriveleg lykke. Då blir eg ein stolt leiar, seier Sofie.