Odd skal stå for songen, Herborg for humoren

    Artikkelen er over 2 år gammel

    FØRDE: Firda feirar 100 år med to jubileumskonsertar i Førdehuset fredag kveld. På scena står Herborg Kråkevik og Odd Nordstoga.

    DEL

    – Eg takka ja fordi Odd takka ja, seier Herborg Kråkevik og smiler.

    – Og eg takka ja fordi Herborg takka ja, skyt Odd Nordstoga inn.

    – Han er berre høfleg, men eg meiner det verkeleg, kjem det frå Kråkevik.

    Den 15. desember 1917 kom Firda ut med eit prøvenummer på fire sider. 100-åringen skal feire seg sjølv med to utselde jubileumskonsertar i Førdehuset fredag.

    Foreldra refererte til Firda

    Herborg Kråkevik og Odd Nordstoga er hyra inn for å hylle jubilanten, men samanlikna med Kråkevik har ikkje Nordstoga så stor kjennskap til Firda.

    – I starten av karrieren var eg veldig oppteken av kva lokalavisene skreiv om meg, der eg hadde konsert. Om dei gadd, liksom. He, he. Så ja, eg visste om avisa frå før, seier Nordstoga.

    – Til og med i Jondal kjenner vi Firda. Foreldra mine refererte ofte til saker derifrå fordi avisa var på nynorsk, fortel Kråkevik.

    Det er ikkje første gong dei to artistane står på scena i lag, men som Nordstoga seier:

    – Det blir den einaste gongen vi gjer denne konserten.

    Første gong han og Kråkevik spelte i lag var i 2002.

    – Eg inviterte Nordstoga med på albumet «Eg og Edith». Han følgde med på turné og framførte ein eigen song, og det var utruleg å sjå korleis folk følgde med når han stod på scena. Det var stas. Og rett etter gav han ut albumet «Luring», seier Kråkevik.

    FØREBUING: Herborg Kråkevik og Odd Nordstoga er straks klare for to jubileumskonsertar i Førdehuset.

    FØREBUING: Herborg Kråkevik og Odd Nordstoga er straks klare for to jubileumskonsertar i Førdehuset. Foto:

    Humor og song

    Kveldens konsert blir delt i tre. Nordstoga opnar ballet og deretter kjem Kråkevik, før dei til slutt står saman på scena. Då blir det litt jul, fortel Nordstoga.

    – Å skulle slå Nordstoga på synginga blir vanskeleg. Eg kjem difor til å ta ansvar for å tulle og tøyse litt, seier Kråkevik og ler.

    – Kva forventingar har de til publikum?

    – Store! Vi skal jo spele for to fulle hus, seier Nordstoga.

    – De veit at sunnfjordingar er kjende for å vere litt avmålte?

    – He, he, det har eg ikkje merka dei gongane eg har spelt her. Men det hjelper jo å komme frå Jondal og Vinje då. Vi gir ikkje akkurat kompliment av italiensk art der heller, seier Kråkevik og ler.

    Artikkeltags