Desse tre har testa ut årets sjokoladekalendrar

TESTARANE: Ailin Solheim Solvik, Synnøve Solheim Valvik og Ida Sofie Hauge (rekkefølge frå venstre), har testa ut fire av årets sjokoladekalendrar.

TESTARANE: Ailin Solheim Solvik, Synnøve Solheim Valvik og Ida Sofie Hauge (rekkefølge frå venstre), har testa ut fire av årets sjokoladekalendrar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

UNG: Seint ute med å skaffe adventskalendar? Firda Ung har testa kva som er den beste av sjokoladekalendrane.

DEL

Med desember rett rundt hjørnet er nok dei fleste ferdige med å fikse adventskalendar. Men er du i seinaste laget med å skaffe ein, kan det vere lurt å sjekke ut kva for ein som fekk best resultat under testen vår.

Slik vurderer vi:

Kvar kalender har fått eit samla terningkast basert på følgjande:

- Utsjånad.

- Smak.

- Variasjon i lukene.

- Pris.

Dumle Christmas Calender:

Utsjånad: Kalenderen hadde eit heilt greit design, og var kjønnsnøytral. I seg sjølv var ikkje kalenderen så stemningsfull og gav ikkje heilt kjensla av jul.

Smak: Smaken var god, det var Dumle. I kalenderen var det ein sjokolade med smak av pepperkake. Den biten falt IKKJE i smak, og trekte ned på resultatet.

Variasjon: Sjølv om det var ulike bitar i kalenderen, blei det mykje det same.

Pris: Kalenderen kosta 199 kr. Panelet meiner det var i dyraste laget i forhold til kva ein får.

Samla terningkast: I panelet blei det ikkje heilt samde om kva for terningkast som passa best. Dumle får både terningkast 3 og 4.

Smarties Adventskalender:

Utsjånad: Kalenderen var litt rotete, og det er nok vanskeleg å finne fram til riktig luke ein tidleg morgon. På same tid var utsjånaden veldig sjarmerande og barnevennleg.

Smak: Sjokoladen i kalenderen er svært god, og dei ekstra sjokoladebitane inne i dei større figurane er eit stort pluss.

Variasjon: Det er ikkje mykje variasjon i kalenderen, det går for det meste i det samme. I tillegg var det eit stempel i eit av lukene, som panelet er einig om at trekk ned. «Ein vil ha sjokolade, ikkje eit stempel» seier panelet.

Pris: Kalenderen kosta 199 kr. Dette var ein passeleg pris, meiner dommarane.

Samla terningkast: Sterk 4'ar.

Adventskalender fra Müller & Müller GmbH:


Utsjånad: Litt kjedeleg, men på same tid litt små-koseleg. Eit hyggeleg lite julebilete.

Smak: Overraskande god sjokolade.

Variasjon: Elendig variasjon. Ein får akkurat det samme i alle lukene.

Pris: Kalenderen kosta 10 kr. Heilt nydeleg pris, meiner panelet.

Samla terningkast: Dersom ein ser på kva ein får for prisen burde kalenderen fått terningkast 6, men sidan ein må sjå på alt samla blei det terningkast 4.

Kinder Maxi Mix Adventskalender:

Utsjånad: Veldig fin, stemningsfull og tradisjonell utsjånad. Fin julepynt på rommet.

Smak: Heile kalenderen består av Kinder. Dersom du likar Kinder, kjem du til å vere godt nøgd med denne kalenderen.

Variasjon: Ikkje så veldig mykje variasjon, men med tanke på at alt er Kinder er variasjonen god.

Pris: Kalenderen kosta 234 kr. Dette er dyrt for ein julekalender, panelet meiner prisen burde bli sett ned til 199 kr.

Samla terningkast: 5

Dette er vinnaren:

Av årets kalenderene som blei testa, blei Kinder Maxi Mix Adventskalender vinneren. Dersom du er seint ute med å handle kalender er det denne du burde gå for, etter vurderingane til dommarpanelet i Firda Ung.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken