Firda Billag kåra til årets lærebedrift i Norge

FEKK PRIS: Utdelinga vart gjort av: Charles Galaase, Trond Helge Henriksen, Jofrid Lunde, Marit Bjørgen og Julianne Brox. Frå Firda Billag AS var Frode Romarheim (med mikrofonen) og Arne Hetle til stades og tok i mot utmerkinga.

FEKK PRIS: Utdelinga vart gjort av: Charles Galaase, Trond Helge Henriksen, Jofrid Lunde, Marit Bjørgen og Julianne Brox. Frå Firda Billag AS var Frode Romarheim (med mikrofonen) og Arne Hetle til stades og tok i mot utmerkinga. Foto:

Selskapet fekk prisen under Transportmessa på Lillestrøm torsdag.

DEL

Det skriv Opplæringskontoret for Transport og Logistikk i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Det var dei som nominerte Firda Billag til prisen. Selskapet har vore medlemsbedrift sidan 1998 og har utdanna ca. 80 yrkessjåførar og logistikkarbeidarar i lærlingsystemet, og har i dag 12 lærlingar/lærekandidatar i arbeid.

– Firda Billag har stort fokus på rekrutteringsarbeid. Dei stiller med utstyr og engasjerte tilsette på skulebesøk, utdanningsmesser og yrkeskonkurransar. Fleire av lærlingane i bedrifta har delteke i yrkesmeisterskap for lærlingar og gått sigrande ut, står det i pressemeldinga.

– Dei legg også til rette for og har fleire lærekandidatar og kandidatar med minoritetsbakgrunn i bedriftene, står det vidare.

Dette var grunngjevinga til juryen:

«I utvelgelsen av årets lærebedrift 2018 har komiteen lagt vekt på at bedriften i over 20 år har jobbet målrettet med rekruttering og opplæring av lærlinger. Bedriften har hatt lærlinger hele tiden siden de tok inn lærlinger første gang. Komiteen mener at det er positivt at de kan vise god bredde i praksis og opplæring av lærlinger. Bedriften har hatt lærlinger i både yrkessjåførfaget og logistikkfaget, og de dekker person- og godstransport.»

Artikkeltags