Nye band til årets festivalar - Kvelertak spelar fleire plassar

NY VOKAL: Kvelertak er på plass med ny vokalist. Bandet skal også spele på Fres Festival i sommar.

NY VOKAL: Kvelertak er på plass med ny vokalist. Bandet skal også spele på Fres Festival i sommar. Foto:

Årets festivalsommar nærmar seg. Malakoff, Fres og Utkant sleppte nye artistar i dag.

DEL

Kvelertak, Graveyard, The Needs, The New Death Cult og Romskip er siste tilskot til årets Malakoff.

– Vi er ekstremt stolte av årets plakat! Den gir retning for framtida til festivalen. Det er få små bygder som får besøk av slike band på ei helg, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.

Han meiner festivalen har booka eit program som har noko for alle aldrar, men likevel med hovudvekt på rock.

– Malakoff blir utseld

Frå før er desse banda klare for rockefestivalen 18.–20. juli:

Weezer (US), Bastille (UK), Sigrid, Madrugada, Highasakite, Bigbang, Danko Jones (CA), The Vaccines (UK), Myrkur (DK), The Dogs, Ruben, Fay Wildhagen, Girl In Red, Sol Hello, Emir, Finn-Erix, Djerv, Brenn., Blomst, Attan, Combos, Svelene, Kriminell Kunst.

Festivalsjefen hintar kraftig om at det kan vere på tide å kjøpe festivalbillett, dersom du vil få med deg årets Malakoff.

– Slik det ser ut no så er det ikkje om, men når, Malakoff 2019 blir utseld, seier Naustdal.

Fres og Utkant samarbeider

Utkant har ikkje lansert heile programmet sitt, men til no er det stadfesta at Sondre Justad, Bjørn Eidsvåg, Dagny og ISÁK kjem til festivalen 25.–27. juli.

I tillegg har Utkant fått bandet White Denim frå Texas til å ta turen. Det gjer dei saman med Fres, som arrangerer festival same helg.

– Vi ser ikkje på kvarandre som konkurrentar, sjølv om vi arrangerer festival i same fylke, same helga, seier Viggo Randal, festivalsjef for Utkant i ei pressemelding.

Dei to festivalane har samarbeidd i fleire år allereie.

– Kvar festival har sitt eige særpreg og sitt kjernepublikum. Det er mange utfordringar ein møter når ein arrangerer festival på små plassar, det blir berre vanskelegare om ein skal stikke kjeppar i hjula til kvarandre, seier Per Christian Grov i Fres Festival.

Til Fres er desse banda klare: Kvelertak, White Denim, Team Me, Thea Hjelmeland, Frøkedal, Malin Pettersen, Pom Poko, Amgala Temple, Amanda Tenfjord, TØFL og Sista Bossen.

Artikkeltags