Har vore ute av drift sidan klokka 16.00 – no går ferja igjen

KØ: Slik såg det ut på Mannheller klokka 19.00.

KØ: Slik såg det ut på Mannheller klokka 19.00. Foto:

Problem med ein flaps sette MF Sogn ut av spel i fleire timar tysdag.

DEL

– Det er flapsen vi jobbar med, den som vi legg ned når bilane skal køyre i land. Det står att litt sveising før vi kan teste den. Forhåpentlegvis er vi i rute igjen snart. Eg håpar i alle fall det, seier kaptein Carlsen om bord på MF Sogn klokka 20.10.

Ein liten time seinare melder Vegtrafikksentralen at ferja er tilbake i rute frå klokka 21.00.

MF Sogn, B-ruta, vart innstilt tysdag ettermiddag klokka 16.00 grunna tekniske problem. Det førde til at det berre var ei ferje i trafikk i over fem timar.

Firda fekk opplyst av ferjemannskapet at det var ein flaps som var skadd, og at den måtte reparerast. Det var lenge usikkert om ein ville klare dette. I så tilfelle måtte ei reserveferje settast inn på sambandet.

Ein Firda-tipsar fortalde at det var 1,5 time venting klokka 19.40.

– Amlatunnelen er stengt for å unngå kø inne i tunnelen. MF Kommandøren går det den maktar og det er 30-40 min mellom avgangane.

No ser det ut til at problema er løyst og at det igjen er to ferjer på sambandet Mannheller - Fodnes.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags