Skal du heim frå påskeferie i dag? Her må du bu deg på å vente

PÅSKETRAFIKK: Slik såg det ut på Lavik ferjekai i 14-tida søndag.

PÅSKETRAFIKK: Slik såg det ut på Lavik ferjekai i 14-tida søndag. Foto:

– Eg trur alle trafikantar har forståing for at ein må rekne med litt kø i dag.

DEL

Det seier trafikkoperatør Roger Nedberge Hille hos Statens vegvesen.

Mange har valt å reise heim frå påskeferie denne søndagen. I Lavik var alle fire felta fulle og køen strekte seg oppover vegen til bensinstasjonen i 14-tida.

Ifølgje Nedberge Hille går det fire ferjer på sambandet over Sognefjorden i dag.

– Vi har ikkje fått klagar så langt, men litt kø må ein rekne med i dag, og det trur eg folk har forståing for, seier han.

Klokka 16.35 melde Vegtrafikksentralen at det er ca. ein time ventetid i Lavik, og at trafikken er aukande.

Det er ikkje meldt om forseinkingar på ferjesamband, men skal du reise mellom Anda – Lote eller Mannheller – Fodnes kan du måtte bu deg på ventetid.

På fjellovergangane er det fint og bert føre, opplyser trafikkoperatøren.

– Eg vil oppmode dei som skal heim i dag om å passe farten, halde køen og ikkje ta forbikøyringar som kan skape farlege situasjonar.

Skjer det noko i trafikken som andre burde vite om? Eller står du i kø? Ta kontakt :-)

KØ: I 16-tida var det ca. ein time venting i Lavik. Kø gjekk forbi 50-sona i sentrum.

KØ: I 16-tida var det ca. ein time venting i Lavik. Kø gjekk forbi 50-sona i sentrum. Foto:

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags