Gammal fylkesbåt kjem tilbake – til Solund

Den gamle ferja MF Værøy, som Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane bestilte i  1974, er på veg tilbake. Her i drift i Finland under namnet Östern.

Den gamle ferja MF Værøy, som Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane bestilte i 1974, er på veg tilbake. Her i drift i Finland under namnet Östern. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SOLUND: Gamle MF Værøy kjem tilbake til Sogn og Fjordane etter flerie år i den finske skjærgarden.

DEL

Det finske reiarlaget som vann anbodet om ferjesambandet Daløy-Haldorsneset i Solund tenkjer på å bruke ei ferje Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane bestilte i 1974. Sidan sist har ho vorte modernisert.

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane bestilte gamle MF Værøy i 1974, og i 2011 selde Fjord1 Værøy til det finske reiarlaget Archipelago Lines Oy. Etter det hamna ferja hjå Sunqvist Investments Oy Ab, som no skal drive ferjesamband i Solund, skriv Sysla Grønn.

- Ikkje nybygg

– Vi veit ikkje sikkert om vi vil bruke denne eller ei anna, men det vert ikkje nybygg, seier eigar og dagleg leiar i reiarlaget, Mats Sundqvist.

MF Værøy heiter no Östern og er det einaste skipet i flåten til Sundqvist. No går ho i turisttrafikk om somrane i Lilla Ringvägen i den finske skjærgården. Men sidan ferja fekk ny motor i 2001, før ho vart seld til Finland, trur ikkje Sundqvist dei må gjere store endringar på båten.

– Det er nokre veldig spesifikke krav i anbodet, så nokre endringar må vi gjere. Men elles er ho i god stand til å gå i heilårstrafikk, seier han til Firda.

Små endringar

Ferja er ikkje bygd nemneverdig om etter ho vart seld til utlandet. Ifølgje Sundqvist er det gjort nokre små endringar for å tilpassa kaiane ho legg til i, men at gamle MF Værøy elles er ganske lik.

Når ferja kjem tilbake til Sogn og Fjordane vert det på biodiesel, og kanskje med NOx-katalysator, for å tilfredsstille miljøkrava. Statens vegvesen gjev 48 millionar kroner til drifta av sambandet i dei fem åra anbodet gjeld.

Artikkeltags