Tekniske problem på Lavik – Oppedal: C-ferja er no innstilt

Det er redusert kapasitet på ferjestrekninga Lavik – Oppedal fredag føremiddag.

DEL

Det blir meldt av Vegtrafikksentralen, etter at Norled gjorde problema kjent klokka 10.13.

B-ferja vart først innstilt på sambandet, og årsaka Norled melde var tekniske problem.

Seinare melder Norled at C-ruta blir innstilt inntil vidare, frå og med avgangen frå lavik klokka 12.50. Det vil då bli normal drift i B-ruta frå 13.10-avgangen frå lavik.

Det er ikkje meldt om dei tekniske problema er dei tilbakevendande ladeproblema som har ført til ein bråte innstilte avgangar ved ferjesambandet den siste tida.

Artikkeltags