Norled tar to ruter frå Fjord1 i indre Sogn

KONTRAKT: Tone Oppedal og Inge André Utåker signerer for høvesvis Statens vegvesen og Norled AS.

KONTRAKT: Tone Oppedal og Inge André Utåker signerer for høvesvis Statens vegvesen og Norled AS. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FERJE: Kontrakten set krav om at 80 prosent av energibruken skal komme frå straum.

DEL

Statens vegvesen har signert kontrakt med Norled AS for drift av to ferjesamband i indre Sogn, det melder vegvesenet i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Mannheller–Fodnes (riksveg 5) og Vangsnes–Hella–Dragsvik (riksveg 13/55) er i dag drifta av Fjord1, men skal frå 1. januar 2020 til 31. desember 2027 driftast av Norled.

Kontraktsummen er på 1.656.918.000 kroner, og det var selskapa Norled og Fjord1 som leverte tilbod då konkurransen vart lyst ut i vår.

– Statens vegvesen er godt nøgd med både deltakinga og tilboda, seier regionvegsjef Helge Eidsnes i pressemeldinga.

Tilboda er vurdert etter pris (70 prosent), energiforbruk (15 prosent), CO₂-utslepp (10 prosent) og NOX-utslepp (5 prosent). Og det er sett krav om at 80 prosent av det totale energiforbruket skal komme frå straum. Resten kan vere straum, biogass, biodiesel, eller ein kombinasjon.

Statens vegvesen viser til Norled sine erfaringar med Ampere på Lavik–Oppedal, og meiner den nye kontrakten er eit steg mot meir miljøvenleg ferjedrift.

Ifølge kontrakten blir tilbodet på Mannheller–Fodnes utvida med to rundturar kvar dag, frå 56 til 58. For Vangsnes–Hella–Dragsvik blir sommarruta utvida slik at ho går frå 1. mai til 30. september.

Kapasiteten per rundtur blir også større. Ferjene på Vangsnes–Hella–Dragsvik går frå kapasitet på 40–65 personbileiningar til 50 og 70. På Mannheller–Fodnes går kapasiteten frå 110 til 120 personbileiningar.

Artikkeltags