Må ta ei ferje ut av drift

Det kan bli ekstra ventetid på Lavik - Oppedal på E39 tysdag.

DEL

Ei av Norled sine ferjer på strekninga mellom Lavik og Oppedal på E39 er teken ut av drift, det melder Statens vegvesen.

– Førebels veit vi ikkje kor lenge det vil vare ved, vi har berre fått beskjed om at rute C er innstilt, seier trafikkoperatør Hanne Norheim i Vegtrafikksentralen.

Det betyr at ein kan måtte vente 40 minutt på ferja, om ein er uheldige.

– Det kjem til å påverke nokre avgangar i løpet av kvelden, seier Norheim.

Artikkeltags