Lastebil tok fyr ved Fodnestunnelen

FISKEFÔR: Bilen som brann i Lærdal i natt var mellom anna lasta med fiskefôr og spylarvæske.

FISKEFÔR: Bilen som brann i Lærdal i natt var mellom anna lasta med fiskefôr og spylarvæske.

Kvart over midnatt fekk politiet melding om brann ved utgangen av Fodnestunnelen. Tunnelen vart stengd og naudetatar rykte ut.

DEL

Lastebilen tok fyr på ferjesida av tunnelen og ifølge politiet var det ein del røyk både i tunnelopninga og på utsida av tunnelen.

0043 melde politiet om at brannvesenet var i full gang med sløkking. Nesten ein time seinare var bergingsbil bestilt, sjølv om det framleis brann litt i lastebilen.

Bilen skal ha vore lasta med diverse stykkgods. Mellom anna er det opplyst spylarvæske og fiskefôr.

Føraren, ein mann i tenåra, var åleine i bilen. Det skal ikkje ha vore personskade, men føraren vart tatt med i ambulanse til sjukehuset i Førde for sjekk.

Halv sju laurdag morgon melde vegtrafikksentralen at tunnelen er open for fri ferdsel. I natt har ferja til Mannheller gått inn til Lærdal.

MF Kommandøren er no i rute som normalt, og går frå Mannheller 0645 og frå Fodnes klokka 0700.

MF Sogn går frå Lærdal 0700 og frå Fodnes 0720. Deretter er også MF Sogn tilbake i normal rute.

Artikkeltags