Ferjesambandet Anda-Lote blei innstilt

INNSTILT: Ferjesambandet Anda-Lote på E39 er innstilt på grunn av tekniske problem med ferjekaien på Anda.

INNSTILT: Ferjesambandet Anda-Lote på E39 er innstilt på grunn av tekniske problem med ferjekaien på Anda. Foto:

DEL

Ferjesambandet Anda-Lote på E39 er innstilt på grunn av tekniske problem med ferjekaien på Anda. Det melde Vegtrafikksentralen vest tysdag klokka 09.40.

Det var forventa at ferja skulle vere i drift igjen ca. klokka 12.30, men dette har no blitt utsatt ein time til.

– Vi fekk melding om at arbeidet var meir omfattande enn forventa, og no er forventa drift utsatt til klokka 13.30, opplyser trafikkoperatør Andreas Herland i Statens vegvesen.

Han legg til at dei ikkje har oversikt over kor mange som ventar på at ferja skal gå igjen.

– Dei som ventar kan køyre om Loen, men det tar like lang tid som å vente på at den skal opne igjen, seier Herland.

Frå klokka 13.40 melder Fjord1 at det igjen er normal drift på sambandet.

Artikkeltags