Ferjesamband blir innstilt grunna sjukdom

Ferjesambandet Rutledal-Rysjedalsvika på fv. 57 er slått ut av drift – av sjukdom.

DEL

Vegtrafikksentralen Vest melder 1. nyttårsdag at Ferjesambandet Rutledal-Rysjedalsvika på fv. 57 er innstilt. Dette gjeld strekninga Rutledal – Storehaug.

Dei siste turane blir klokka 18.55 frå Rysjedalsvika og klokka 19.20 frå Rutledal. Etter dette blir ruta innstilt grunna sjukdom.

Ketil Molvær ved vegtrafikksentralen i Lærdal har ikkje fått meir informasjon frå ferjeselskapet Fjord1 enn at det er sjukdom som er årsaka.

Han veit ikkje omfanget, eller kor stor del av mannskapet som er slegne ut.

– Men det er veldig sjeldan vi får instillingar med sjukdom som årsak. Eg opplevde det for første gong for om lag 14 dagar sidan, og eg har jobba som trafikkoperatør i 20 år, seier Molvær.

Seinare på ettermiddagen vert det meldt at det vil vere normal drift i sambandet frå klokka 05.30 torsdag morgon, 2. januar.

Artikkeltags