Fjord1 melder om tekniske problem på kysten

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Dagning, som ikkje er bilførande, blir sett inn på ruter i Florabassenget og på Måløy-Florø torsdag morgon, melder Fjord1.

Dette er på grunn av tekniske problem, opplyser Fjord1.

Rute 1181 Kystvegekspressen Måløy-Florø kl. 05.10 torsdag 2. november vert utført av Dagning. Ikkje bilførande.

Rute 1180 Florabassenget: Kl. 06.50 går Dagning i vest, Øyservice i nord. Fjordglytt går ekstra Florø-Rognaldsvåg kl. 08.30.

Tilbake i normal drift frå fredag

Torsdag kveld melder Fjord1 at det blir normal drift frå morgonen fredag 3. november i både rute 1180 og rute 1181.

Artikkeltags