Gå til sidens hovedinnhold

Vart teken i 88 km/t i 60-sone – då tok politiet raskt lappen

Artikkelen er over 4 år gammel

STRYN: Føraren vart også politimeldt for fartsbrotet, i ein kontroll som også avdekka 14 andre fartssyndarar.

UP har tysdag gjennomført ein fartskontroll i ei 60-sone på fylkesveg 60, ved Olden.

Her var farten langt høgare enn fartsgrensa hjå mange, og heile 14 forenkla forelegg vart utskrive.

I tillegg til dei 14 som måtte punge ut for fartsbrota, vart konsekvensane større for ein annan førar i same kontroll.

Vedkommande vart målt til 88 km/t, noko som resulterte i politimelding og mellombels beslag av førarkortet.

Kommentarer til denne saken