Bil med vaksen og to born havna i grøfta

Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFERDSLE: Verken born eller førar vart skadd i utforkøyringa.

DEL

Ved Årøysvingane på rv. 55 (Sogndal- Hafslo) har ein bil køyrt ut og hamna i grøfta. Mannen som køyrde bilen og dei to borna på fem og sju år har kome seg ut av bilen.

Ambulanse har vore på staden, og undersøkt borna og mannen. Dei fann ingen personskadar, og bilbergar er rekvirert.

Trafikken går greitt forbi utkøyrsla, og det var ikkje naudsynt for politiet å rykkje ut.

Politiet fekk meldinga klokka 1033.

Les også: To bilar av vegen i Sogndalsdalen og Bil køyrde i fjellveggen

Artikkeltags